Kort oppsummering av Botswana så langt

Etter vel ei veke i Francistown er det på tide for min del også å komme med eit lite blogginnlegg.
Det er ingen tvil om at vi har fått mange nye opplevelsar og inntrykk. Et eksempel var f.eks det å lande på ein heilt stille flyplass i det som best kan skildrast som ei scene tatt ut av løvenes konge. Alle fugle og insekts-lydane som møtte oss og den vakre, fargerike naturen gjorde oss stumme av beundring. Vi var veldig gira og spente! Anders og Matilda (vår praksis veileder) tok godt imot oss i heimen sin. Vi fekk være med på eit festmåltid med familien med nydelige Afrikanske matrettar. Store delar av familien var samla sidan Anders og Matilda faktisk hadde gifta seg same dag som vi kom! Utrulig snilt av dei å ta så godt imot oss på ein slik dag. Dei første dagane gjekk utrulig fort! Mykje skulle ordnast med å gjere klart huset vi skulle bu i. Her var familien til Matilda igjen veldig behjelpelige. Det er vanskeleg å sjå for seg korleis vi skulle ordna oss sjølv her nede utan hjelp av dei. Dei har sett i stand eit nydelig hus som vi skal bu i medan vi er her. Vi har til og med basseng og ein fin hage! Vi har alt funne oss godt til rette her. Kristina og Carmen er flinke på matlagingsfronten, så vi har hatt nokre herremåltid her. Det er veldig koslig å være i praksis med så positive og kjekke jenter. Sidan vi ikkje kjente kvarandre godt frå før, var vi litt spente på korleis dette skulle bli. Vi trivast godt ilag, hjelper og passar på kvarandre. Vi kjem nok til å bli venner for livet.
På praksisplassen har vi også møtt mange fine mennesker og fått nye bekjentskap. Klinikken er fin, rein og ordentlig og vi har fått en del oppgåver å bryne oss på. Eg og Krisitna prøver å venne oss til å skrive journaler på engelsk blant anna. No er det godt at det endeleg er søndag og vi har heile dagen fri!:D Neste helg går turen til Zimbabwe for å møte Sara, ei hyggelig jente som vi blei kjent med gjennom Matilda sin familie. Det er vi også spente på.
Eg vil også legge ut eit bilete av et av våre mindre hyggelige husdyr. Edderkoppane her nede er vel det eg liker minst med heile Afrika. Som mamma seier: dette er bra eksponeringsterapi!

Snakkes bloggen<3 Anni

Grøss og gru!
Første steg på Botswansk jord! Vi er starstruck 😀
Første visitt på Matilda sin klinikk. Veldig fin klilnikk:)
Kristina briljerer med husmor ferdighetene sine på kjøkkenet. Kan ikkje skjønne at denne dama ikkje er gift allerede!

Én kommentar til «Kort oppsummering av Botswana så langt»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.